Gjer dugnads­kartet OpenStreetMap betre med StreetComplete! Denne appen leitar opp manglande kart­opplysningar i nærleiken av deg og viser desse som «oppdrag» på kartet. Du kan løysa oppdraga, og såleis forbetra kart­grunnlaget, ved å gå til den tilhøyrande staden og svara på eit enkelt spørsmål i appen. Informasjonen frå svara dine vert send direkte til OpenStreetMap i ditt namn, utan at du treng bruka noko eksternt redigerings­program.